,TILBAKE TIL
HOVUDSIDA, Liste til
kommunevalet
,Kva vil vi?,Fylkesprogram,Skulevalkampen,Lenker
,Kvifor vere sosialist?,Myter om RV,Artiklar,KONTAKT OSS
RV I HARAM
Sigmund Espedal, leiar i Haram RV
KVEN ER VI ?
Raud Valallianse i Haram vart skipa 18. desember 1998 på Alvestad. RV er eit ungt parti, og hadde 25 års jubileum i fjor. Opprinneleg var RV eit valsamarbeid mellom AKP og uavhengige sosialistar, men partiet vart sjølvstendig i 1991 med sjølvstendig organisasjon og eiga program. Sidan oppstarten i 1973 har RV hatt mange representantar i kommunestyre og fylkesting rundt i landet, og frå 1993 til 1997 var vi og representert på stortinget med Erling Folkvord.
LISTETOPPANE
Jon Bolme, listetopp for RV i Haram
Jon Bolme (57) er frå Nordmøre, men har budd i Haram sidan 1986. Han har vore politisk aktiv i mange år, og er kanskje mest kjent for sitt engasjement og leiarskap i Haram Nei til EU. Han er klubbleiar i Johansen Mekaniske A/S.
Oddny Flem (18) er "innfødd" i kommuna, og går no siste året på vidaregåande i Ålesund. Ho sitter i landsstyret for Ungdom mot EU og har engasjert seg politisk gjennom Raud Ungdom, der ho m.a. har jobba mot mote- og venleikstyrraniet,
Sigmund Espedal (27) flytta til kommuna for 4 år sida, og har vorte ein aktiv person i musikk- og kulturlivet på Hildre. Har tidlegare vore aktiv i studentorganisasjonar, solidaritets- og antirasistisk arbeid, og har vore leiar i Ålesund RV.
Gunn Sivertsen (35) er øyaværing, og har jobba aktivt med inter-nasjonalt solidaritetsarbeid, m.a. i samband med saka mot Pinochet. Ho har og jobba som medarbeidar for Erling Folkvord då han var RV sin representant på Stortinget.