,TILBAKE TIL
HOVUDSIDA,HRV, Liste til
kommunevalet
,Fylkesprogram,Skulevalkampen,Lenker
,Kvifor vere sosialist?,Myter om RV,Artiklar,KONTAKT OSS
RV SITT PROGRAM FOR HARAM 1999-2003
Dette programmet syner i grove trekk kva RV meiner om ein del sentrale saker for Haram. Det er inga prioriteringsliste, men saker som vi vil arbeide for i komande periode dersom vi blir valt inn i kommunstyret.
Innleiing Industri og fagrørsle Barn og ungdom Helse og sosial Styrk demokratiet Innvandrarar og flyktningar Bustadpolitikk og bygdeutvikling Miljø og transport Kvinner Skular og barnehagar Kultur
I sitt arbeid i by- og kommunestyrar rundt i landet har RV brukt heilt andre arbeidsmåtar enn dei andre partia. I staden for å tru at vi kan løyse sakene i lukka møter på rådhus eller kommunehus, vil vi heller samarbeide med dei som sakene gjeld. For det første, vi har ingen respekt for reglement som hindrar innsyn i kommunal saksbehandling, og vil heller ikkje gå av veien for å offentleggjere interne sakspapir. (Sjølvsagt ikkje i personsaker) For det andre, det er den som har skoen på, som veit kor den trykkjer, og eit lite parti som RV har ikkje makt til å få gjennomslag utan at folk i kommuna engasjerer seg. Vi kan rote opp i sakene, vi kan mase og lage oppstyr, men det vil være innbyggjarane som presser gjennom vedtak. Eit eksempel på dette frå Ålesund er dei nye førsteklassingane, der press og protestar frå foreldre kombinert med RVs forslag ga beste bemanning for seksåringane i landet.
Derfor er det og opp til deg kva for saker vi vil jobbe mest med. Bruk oss!
Den norske staten er rikare enn nokon gong i historia. Olja pumpast ut av Nordsjøen i eit vanvittig tempo, og byggjer opp eit oljefond som skal gjere den norske kapitalistiske staten rik på den fattige verda si bekostning.
Samstundes er kommunane meir forgjelda enn nokon gong. Stadig fleire oppgaver overførast til kommunane utan at det blir bevilga tilsvarande med pengar. Dette kan vi ikkje finne oss i. Vi må bli kvitt dei kommunepolitikarane som aksepterer at deira partipolitiske storebrør på Stortinget strammar inn for kommunane. RV vil for sin del aldri akseptere at velferds-Noreg raserast for å byggje opp eit oljefond.
Foran budsjettbehandlinga i haust truast det i mange kommunar med nedskjeringar pga. at lønsbudsjetta aukar meir enn inntektene. Vi må krevje at staten dekkjer meirkostnadane ved lønsoppgjera fullt ut.
Industri og fagrørsle auka rettar for arbeidsfolk
Fagrørsla er arbeidarklassen sin viktigaste form for organisering. RV støtter ein sterk og uavhengig fagrørsle, ein sjølstendig fagrørsle utan partitilknyting. RV vil jobbe for å styrke fagrørsla si innverknad i industri og samfunnsliv.
Barn og ungdom er framtida i Haram. RV vil jobbe for at bygdesentra og øyane gir mulegheiter for aktivitet og utfoldelse, til leik og idrett, til musikk og kultur. Skulebygga med verkstader og spesialrom, kan i enda større grad takast i bruk utanom skuletid t.d. takast i bruk som verkstad til å mekke syklar. Band må få mulegheit til øvingslokaler. Ungdom må mulegheiter og midlar til å lage eigne rusfrie tilbod i bygdesentra og på øyane. Haram kommune har få tiltak for ungdom over 16 år. Eit første steg på vegen er styrking av fritidsklubben i Brattvåg. Det organiserte barne- og ungdomsarbeidet må få betre vilkår, bl. a. gjennom auka økonomisk støtte til idretts- og kulturlivet.
Trass i vekslande regjeringar sin "eldresatsing" er situasjonen for dei eldre i Haram langt frå å oppfylle dei krav som er vedtatt i lover og forskrifter. Det er framleis mangel på sjukeheimsplasser, og den heimebaserte omsorga arbeider under sterkt press. På grunn av den sterke auka i antal eldre, og stadige forsinkingar i utbygging av nye sjukeheimsplassar, er ikkje situasjonen stort betre enn foran forrige kommunevalg. Det er framleis mange som venter på sjukeheimsplass, og det er eit stort antall bebuarar som må bu på tosengsrom mot sin vilje. Det må sikrast at dei kommunala vedtak om byggjing av ny sjukeheim i Brattvåg og bukollektiv på Vatne blir sett ut i live og sikra midlar til drift. Alle som etter sakkunnig vurdering, og som sjølv ønskjer det, skal ha rett på sjukeheimsplass.
I tillegg er det mangel på helsepersonale, og dette trugar den vidare utviklinga av heile sektoren. Rekrutteringa til yrket går treigt pga. lav løn og umenneskjeleg arbeidspress. Det er heilt avgjerande at det no takast eit styrkeløft både når det gjeld lønsnivå og arbeidsmiljø.
RV går mot at avgjerande makt skal flyttast frå kommunestyret til formannskapet, eller blir delegert til utval eller administrasjon. Slik konsentrasjon av makt flytter myndigheit for avgjersler lenger vekk frå dei valte representantane, og gjer det enda vanskelegare for folk i kommuna å følgje med i og ha innflyting på kva som skjer.
Ein stor del av rikdomen i det norske samfunnet byggjer på at folka i den fattige delen av verda blir undertrykt. Fattigdom og sult i sør er grunnlag for mykje av rikdomen i vår del av verda. Vi har derfor ein medmenneskjeleg plikt til å gi innvandrarar og flyktningar beskyttelse og tryggleik når dei kjem til Noreg.
RV ser på flyktningane som ein ressurs, som gjennom sin kultur og eigenart har mykje å tilføre det norske samfunnet. Vi vil slåss mot alle former for rasisme, og møte framandfrykt med informasjon. Vi vil arbeide for at flyktningane får naudsynt hjelp til å skaffe seg utdanning og arbeid i Norge, slik at dei kan ta del i det norske samfunnet med same plikter og rettigheiter som nordmenn. Flyktningar må ikkje gjerast til sosialklientar. Kommuna må ha ein handlingsplan for minoritetspolitikk som m.a. må inneholde:
Bustadpolitikk og bygdeutvikling
Kommuna må drive ei aktiv styring av bustadpolitikken for å styrke bustadbyggjinga i kommuna og for å nytte dei ressursane som finnes der, for å skape meir levande bysgder, og for å redusere transportbehovet. Bustadbyggjinga må ikkje drivast planlaust.
Det er og eit stort behov for bustader til ungdom, til sosialhjelpsmottakarar, og til andre som ikkje kan konkurrere på det opne bustadmarkedet. Alle må ha rett til ein høveleg bustad utan å bli ruinert av skyhøye bustadpriser, og dette er eit kommunalt ansvar.
Vi bor i ei vakker kommune som fra naturen si side har alle mulegheiter til å bli ei god kommune å bo i. Dei siste åra er det og synt større forståing for at det er naudsynt å utvikle bygdesentra. Men til tross for planar med mange vakre ord blir det gjort lite konkret og planmessig for å følgje opp målsetjingane.
Haram kommune, med alle sinde bygder og øyer, har ein vakker kulturarv som må vernast. Den beste måten å gjere dette på er å skape liv i bygdene, for derigjennom å sikre eit økonomisk grunnlag for å verne kulturarva. RV vil arbeide for å gjere det attraktivt å flytte tilbake til kommuna. Bustader og forbetra tenestetilbod som er desentralisert vil redusere behovet for transport, og vere eit viktig bidrag til reduserte utslepp frå bilparken.
Den kommunale fattigdomen råkar pleie- og omsorgssektoren og dermed kvinnene spesielt hardt. Det fører til rovdrift på dei som jobber i pleie og omsorg, og til at mykje tung pleie skyvast over på kvinnene heime.
Stortinget har vedtatt kraftige forverringar for einslege forsørgjarar, og dei fleste av dei er kvinner. Det betyr ein mykje vanskelegare kvardag for kvinnene og barna deira og ei ny oppgåve til kommunane utan statlege midlar til å løyse den.
Noreg bør bli eit føregangsland når det gjeld satsing på IKT i skulen. Staten har pengar, og må bevilge nok til at kvar elev i skulen har sin eigen PC. Dette er eit løft, men samstundes ei satsing på framtida for Noreg. Vi har ikkje råd til å la vere ei slik kjempesatsing no!
Haram kommune har satsa på skulen i inneverande periode Denne satsinga må fortsette. Elles vil det gå utover kvaliteten i skulen både m.o.t. innhald, støtteundervisning, skulemateriell og vedlikehald. Det er framleis mange uløste oppgåver før vi kan seie oss nøgd med skulen.
Stortinget og regjering har vedtatt nye planar og forskrifter for grunnskulen. Dersom det ikkje bevilgast meir pengar for å utvikle skulen, vil disse planane, som tidlegare planar, forbli papirplanar.
Arbeidet mot rasisme og diskriminering må halde fram i skulen. Ei anna gruppe som skulen må ta ansvar for er dei unge homofile. Forsking syner at alderen for erkjennelse om eigen homofili er gått ned til 13 år. Anna forsking syner at unge homofile er overrepresentert i sjølvmordsstatistikkane. Her må skulen ta eit ansvar, og da særskilt ungdomsskulen.
Haram er ei allsidig kulturkommune. Bygdene har mykje kulturkrefter innan teater, musikk, dans, biletkunst og brukskunst blant ungdom og vaksne.
Framleis er det altfor lite av kulturlivet som får støtte fra kommuna, det er snarere tvert om. Mykje av det eksisterer på tross av kommuna. Idrettslag og musikkorps eksisterer nesten utelukkande pga. eit kjempearbeid frå aktive og foreldreforeninger. Leige av kommunale lokaler er så dyrt at amatørar ikkje har mulegheit til å øve der.
RV vil arbeide for at fritidsklubben blir vidareført og styrka i løpet av perioden. Eit slikt tilbod kan bli eit aktivum for det lokale musikk og kulturlivet, ulike kulturaktiviteter må kunne finne sin plass i eit slikt hus. Det skal og kunne brukast til t.d. øvingslokaler og lydstudio for lokale rocke- og jazzgrupper. Det må kjøpast inn naudsynt lyd- og lysutstyr, og det må opprettast ei kommunal stilling for å administrere drifta.