Tübingen, ein attraktiv studiestad.


Tübingen er ein lilten by ved elva Necar som ligg i det geografiske middelpunktet til delstaten Baden-Württemberg. Eberhard-Karls-Universitetet er knapt 500 år gamalt, og byen med dei omkring 85.000 innbyggjarane er bygd opp kring denne institusjonen. Fråveret av industri gjorde at byen unnslapp bombing under siste verdskrigen og den idylliske «altstadt» vart bevart uskadd for ettertida. Tübingen er saman med byar som Heidelberg, Freiburg og Marburg blant dei eldste tyskspråklege universitetsbyar. Ymse fakultet har opparbeidd seg verdskjend ry som til dømes det teologiske og det filosofiske fakultetet. Vidare har og det juridiske og det medisinske fakultetet ein særs godt omdøme. Kjende namn som Kepler, Hegel, Schelling, Hölderlin og Altzheimer har vore knytta til universitetet i Tübingen.

Då 30.000 av dei 85.000 innbyggjarane er studentar er byen liten og oversiktleg, men likevel ung og levande. Hundrevis av utvekalingsstudentar, stipendiatar osb. frå heile verda, set eit internasjonalt preg på byen. Delstatshovudstaden Stuttgart med 500.000 innbyggjarar ligg ein halvtimes kjøyring frå Tübingen. Stuttgart er ein moderne industriby med mellom anna hovudsetet til Daimler-Crysler-Konsernet. Dessutan finn ein internasjonalt høgverdige kulturtilbod t.d. stuttgarter balletten der. Med berre kort kjøyring til mellom anna Alpane, München, Strassbourg og Zürich er utferds og aktivitetsmoglegheitene mange. Dette dannar eit attraktivt supplement for studentar i Tübingen.

For den som ynskjer å studera her er det mogleg å ta til to gonger i året: til vinteren, dvs i midten av oktober og til sommaren, dvs i midten av april. Søknadsfristane er henholdsvis 15.Juli til vintersemsteret og 15. Januar til sommarsemesteret. Me gjer merksam på at datoane gjeld postinngang ved universitetet. Søknadsskjema får ein ved å henvenda seg til Das Akademische Auslandsamt ved universitetet, adressa er: 

Akademisches Auslandsamt
Nauklerstraße 14
D - 72074 Tübingen

For å bli immatrikulert som utlending må ein avleggja ei språkprøve. Me som studerar her veit av erfaring at denne er ingenting å kvi seg for, og ein må berre søkja sjølv om ein har tysk som C-språk. To veker før prøva vert det tilbode eit førebudingskurs frå universitetet. Dette har stor verdi og gjev også ein moglegheit til å bli kjend med andre frå første dag. All erfaring tilseier at språket er eit langt mindre problem enn ein trur på førehand. Første semester er i dei aller fleste studiefag lite krevande, slik at ein får tid til å lære språket skikkeleg utan problem. Ein må ha med i søknaden:

Utfyllt søknadsskjema frå universitetet med alle eventuelt ynskja vedlegg.
Vitnemål med tysk oversetjing (rettkjend kopi)
Fødselsattest
Eventuelt vitnemål frå Goethe-Institutt eller liknande
Internasjonale postsvarkupongar (får ein på posten)
Orientering om finansiering (får ein frå lånekassa)

Ver vennleg og skriv og takk nei dersom tilboden plass likevel ikkje vert nytta!!

Om ein vil er ein sjølvsagt hjarteleg velkomen til å ta kontakt med det vesle norske «samfunnet» her i Tübingen. Me er omlag 15 studentar som tek heile utdanninga vår her. Brorparten er medisinstudentar, med det fins og studentar innanfor faga økonomi, odentologi, politikk, biologi, teologi og språk. Den fyrste kontakten får ein gjennom Kontaktpersonen Anne Slagsvold: anne.slagsvold@student.uni-tuebingen.de

Tilbake til hovedsida