ESPERANTO? Kva er det? |
|||
Eit språk Skapt for å gjera det lett for folk med ulike morsmål å forstå kvarandre. Gjennom meir enn 100 års bruk har esperanto vist at det kan fungera akkurat som andre levande tungemål, godt eigna til å uttrykkja alle menneskelege tankar.Internasjonalt
og nøytralt Esperanto høyrer ikkje til noko land eller folkeslag. Det høyrer til alle dei som kan det, og det byggjer bruer mellom kulturar. Lett! Ordforrådet er av internasjonal karakter, grammatikken er logisk og regelbunden, og strukturen er ytterst fleksibel. Vitskaplege undersøkingar syner at detter gjer esperanto opptil ti gonger meir lettlært enn naturlege språk.Kvifor
læra Esperanto?
Når du kan Esperanto, kan du ...få vener over heile verda, t d brevvener i fjerne land med andre kulturar. Viss du liker å reisa, kan du nytta "Pasporta Servo", ei oversikt over esperanto-talande i mer enn 80 land som vil gje deg gratis overnatting og gjerne visa deg rundt i heimbyane sine. ...
delta på trefft saman med andre som kan esperanto, lokalt og internasjonalt. Treff som Verdskongressen og Ungdomskongressen finn stad i forskjellige land kvart år, og gjer fantantiske høve til ugøymelege opplevingar i ein fleirkulturell atmosfære. ...læra
om andre kulturar Korleis kan du lære Esperanto?Norske lærebøker finst det fleire av - spør i bokhandelen din eller kontakt Norsk Esperantoforbund. Dersom du bur på ein stad med eit lokallag av forbundet, ta kontakt og spør når neste kurs skal byrja. Både Folkets Brevskole og AOF tilbyr óg esperanto-kurs. Språket eignar seg også godt for sjølvstudium. Kontakt lokallaget ditt, eventuelt Norsk Esperanto-forbund sentralt, Esperanto-ungdommen i Noreg eller Esperanto-ungdommens Versforbund, TEJO, for meir informasjon. Adresser
|
|||