http://www.trond.nu/

Trond Håndball, jenter født 1987

Laget sesongen 1997/98 (Jenter 10).
Før peikaren over bildet for å sjå namn.
(Den som bruker Internet Explorer må sjå nederst på skjermen.)

Årsmelding 1997/98:
Det er 13 jenter på laget. Ingen har slutta i løpet av sesongen. (Stine har slutta etterpå.) Trenarane Stig Mæhle og Helge Kristiansen er også trufaste. (Stig har slutta etter sesongen 1997/98.)

Første aktivitet i klasse 10 år var Selbu-cup i juni 1997. To vunne og to tapte kampar reknar vi som meir enn godkjent. Også sosialt var turen ein stor suksess, ikkje minst for foreldregruppa. I serien kom sjøltilliten for alvor etter jul, særlig 30. januar. Da vart erkefienden Tiller 2 banka 10-8. (Tiller trudde Trond kom til å bli slaktoffer, og var skikkelig sure etter kampen.) Laget vann fem av dei seks siste kampane (etter å ha vunne tre av dei åtte første), så formutviklinga kan ingen klage på. Breidda i laget er også god. I ein av kampane delte fem jenter dei seks måla.

Dei nye draktene vart stort sett finansiert gjennom lagets eigne sponsorar. Stemninga i og omkring laget er fin, og foreldra har vore flinke til å møte opp for å heie. Før jul gikk både jentene og foreldra på pizzarestaurant, og Selbu-turen vart gjentatt i år også.

Resultater, Selbucup 6.-7. juni 1998:

I.L Trond - Stjørdals Blink:  1 - 1
I.L Trond - Sportsklubben Rapp:  1 - 4
I.L Trond - Malvik I.L.:  0 - 11
I.L Trond - Strindheim I.L.:  3 - 3

Første side: http://www.trond.nu/

Sigrid Døsvig Marlene Grande Bente Jacobsen Sarah Foss Ingrid M. Kristiansen Eirin Eidshaug Sofie Komissar Hege Lind Siw Kristensen Ida Valsø Trine Rødsand Stine Mæhle Hilde Eck-Olsen