VITNESBYRD

TRYKK PÅ "VITNESBYRD FOR Å LESA NOVELLENE MINE
TRYKKER DU
HER SÅ KAN DU FINNA EIT ANNA VITNESBYRD



 
 

Eg skal fortella litt om før eg var kristen.

Eg har vokse opp i ein kristen heim og det takker eg Gud for at eg fekk oppleva det. Det er ikkje mangen som får oppleva noko slikt.
Frå eg var liten læret eg om Gud og Jesus og har alltid trudd at dei har eksistert.
Ein dag på barneskulen, så skrevi eg i nytestamentet mitt at eg ville tru på Gud og Jesus. Då såg alle i klassen rart på meg og eg og då var eg ikkje tøff nok til å stå i mot det som møtte meg. Eg trudde på Gud og Jesus fremdeles, men eg ba ikkje til Gud eller gjekk i kirka. Etter ungdomsskulen, så gjekk eg på Framnes folkehøgskule. Det var ein kristen folkehøgskule. Det må ha vore ein grunn til at eg gjekk der, men det er eg ikke sikker på kva grunnen var. Men eg vart ikkje kristen der. Framnes er no ein vidaregåandeskule.
Så gjekk eg på grunnkurs på Lundeneset vgs. Det er ein skule i Ølensvåg i Ølen kommune. Der var eg på mange flotte møter, men var ikke moden nok til å ta eit standpunk. Sjølv om eg ville bli kristen.
Etter dette, gjekk eg to år Voss vidaregåande skule avd. Vatle i to år. Då eg gjekk siste året, så ba eg til Gud at han måtte hjelpa meg til å bli ein kristen. For det var det eg ville bli.
Etter vidaregåande, så var det militæret. Men der var det ikkje lett. På rekrutten så var det mykje uteliv. Eg drakk mykje alkohol, noko som eg angrar no. Etter rekrutten så vart eg sendt til Nord-Norge, på eit fort som heiter Nes Fort. Det gjekk det også mykje i alkohol og eg for lenger og lenger vekk i frå Gud.
Ein dag eg var på perm så var eg på ein kristen leir i jula. Då eg kom tilbake, så var det ein som spurde om eg var kristen. Då svara eg nei, fordi eg ikkje var frimodig nok.
Då det lei mot påske, så fekk eg perm og drog heim. Då var eg også på leir i heile påsken. Der fortalde broren min om historien som står i Evandeliet etter Lukas, kapittel 16, vers 19-31.
Så sa broren min som heiter Leif at måtte tru på Jesus, fordi ein ikkje får det godt i helvete. Den historien greip gjekk så inn på meg at eg begynte å grina. Så var det ein av dei som var på leiren der så spurte om det var nokon i militæret som viste at eg var kristen. Då vart eg så paff at eg ikkje klarte å svara på spørsmålet. Eg berre stamma fram eit svar. Eg var no bestemt på at eg ville bli ein kristen, men eg var ikkje frimodig nok til å seia noko til dei på fortet.
Eg la det heile på is og brydde meg ikkje så mykje om det. Så ei natt, så hadde eg ein drøm:
I den drømmen fekk eg eit hjerteinfarkt og havna på sjukehus. Der fekk eg heldigvis eit nytt hjerte. Men så fekk eg på nytt hjerteinfarkt, men denne gongen, så var hjerta dei hadde forlite, så døde eg.
Då eg slo opp augene så var eg i eit rom. Det var ei glasdør der, men den var låst. Eg så ut og der var himmelen. Då eg prøvde å åpna døra så sa Gud at inn der fekk ikkje eg komma.
Då våkna eg med eit rykk og bestemte meg får å bli ein kristen.
Då tenkte eg ikkje så mykje over det. Men no veit eg at det var ein drøm, som Gud sendt til meg.
Eg fekk sommarferie frå militæret. Det var i juli 96. Då eg var heima, så sa ei stemme til meg at eg skulle søka på bibelsulen på Bildøy. Der går eg no. Eg sluttar der 6. juni.

Eg håpar det er nokon som får bruk for dette.

Helsing

Jostein Kringlebotten

Her er eit bibelvers:

Paulus brev til romarane, kapittel 10, vers 9.

"Hvis du bekjenner med din munn at Jesus er Herre og tror i ditt hjerte at Gud oppreiste han fra de døde, skal du bli frelst".

KALLER GUD, SÅ GRIP SJANSEN

HER KAN DU SØKA PÅ ORD I BIBELEN, DET ER BERRE TIL Å KLIKKA PÅ BIBEL SØK